Jeg kom tilfeldigvis over en gammel novelle jeg skrev (mener det var på ungdomsskolen, men skal ikke si noe for sikkert). Denne er som vanlig basert på en sang (10 poeng til den som klarer å gjette hvilken!), nesten i for stor grad, men det får nå briste eller bære… 5+ høstet denne inn, men den er sikkert full av skrivefeil og slikt, men jeg gidder ikke lese gjennom den for å sjekke 
Oh! Før jeg glemmer det, novellen er ikke basert på den sangen som sitatet er hentet fra!
Og dette blir vel det første jeg poster på Norsk (ikke bokmål altså) her på bloggen!
Flytande Bjørn
“I saw you coming
But I heard not a thing
A mistake not to listen
But I knew where you’d been”
Dei et deg levande. Myggane. Vi er alle bare mat, som ikkje er død enno. Myggane som lever langs ”bjørnen”. Det er det eg kallar ho. Elva eg bur ved. Ho er ein flytande bjørn. Eg bur under brua, der alle kan sjå ned på meg. Det er litt symbolsk synes eg. Dei gjer jo det uansett kvar eg bor.
Eg pratar med alle som vil. Eg likar å prate. Her under brua har eg ein liten radio. Det er viktig å følje med i tida om du skal prate med skikkelig folk. Det er ikkje ein ting som går meg forbi. Ran i Tønsberg, drap i Oslo, terror, krig, død. Eg undrar meg av og til på kvifor eg orkar å følje med, det er eigentleg ikkje verdt å bruke tid på. Men kva elles skal eg bruka tida mi på?
Det er ein journalist som av og til går forbi og kastar ned nokre batteri til meg, slik at eg kan høre nokre timar til på radioen. Han tykkjer synd på meg, gamle galne jævelen under brua. Eg likar å prate med han, han må også følje med, men han brukar ikkje radio, han brukar internettet som han seier. Eg veit ikkje heilt kva det er for noko, men det er vist fantastisk! Eg føretrekkjer radioen min. Den er trygg og god. Alt som er trygt er godt.
Over hovudet på meg susar bilane forbi. Små robotar som gjer det same om og om igjen. Skuggar av det som kunne ha vore gode meiningsfylte liv. I staden har dei vorte borte. Dei er ikkje menneske lenger. Menneskerasen er utdøydd. No er det berre kjas og mas, dag ut og dag inn, og heile gjengen sit framfor ein skjerm den tida dei er vakne. Eg har til og med høyrt at dei ser på tv i bilane sine! Maken! Nei, eg er glad eg helde meg her, under brua.
Eg har budd under brua her i omtrent 20 år. Snart vil eg nok svinne gen. Den flytande bjørnen vil meg nok taka i år. Eg kan føle det på meg. Dette vil verte den siste vinteren eg får oppleve.
Eg likar vinteren. Eg likar mørkret. Eg held meg helst i mørkret, fordi då verker ”den lyse sia” så mykje vakrare for meg enn det den gjer for dei som lev i den. Graset er alltid grønare på den andre sia som dei seier. Ein må berre innfinna seg i at den mørke sia finnes, så eg velje å vera i mørkret og begjæra lyset, i staden for å vera i den lyse og begjæra mørkret.
Eg vil ha noko fint å døy for, slik at livet mitt vil verte vakkert. Livet til eit menneske vert alltid mykje vakrare om det har hatt ein meining. Det er vanskeleg å finne ein meining her i denne verda. Her verker alle liv meiningslause. Det er ingen som døyr ein nobel død lenger. Det finnast ingen heltar lengre. Eg vil vera ein helt. Eg skal verte den siste helten. Det siste menneskje som skal døy ein nobel heltedød.
Dei tykkjer ikkje noko om meg. Dei som går på brua. For dei er eg eit troll under brua. Ikkje ein komande helt. Eit troll dei helst skulle ha sett slukt av den mørke elva. Slukt av det ekta trollet. Det som ingen kan sjå. Eg seier det heile tida. Pass dykk for elva. Ho er ein bjørn. Ho søv om vinteren, men om sumaren vert ho livsfarleg, ho gjer alt ho kan for å ta einkvar som nærmar seg ho. Eg seier det heila tida, men ingen høyrer. Eg lagar ein song. Ein song til dei døve. Pass deg for elva sa eg, men han høyrde ikkje etter. Aldri skal dei høyre etter! Jævla drittunge! Det var hannes feil! Ikkje min! Eg kan ikkje klandras!
Ein helsikkes jævelunge var han! Høyrde aldri etter på kva eg sa! Pass deg for elva! Men du vesle. Du er ein god gut!
Eg vart ståande og sjå på den gamle mannen under brua. Han prata til ein stein med litt raudmåling på. Tidlegare i uka hadde han prata til noko som likna på ei teltstang. Han verka tynn. Ikkje tynn i kroppen, men i sjela, han verka sliten. ”Kva i helvete er det du glor på?” Skreik han plutseleg til og kasta ein stein i vatnet. ”Helsikes jævelunge!”
Det var ein sørgjeleg historie sa folk. Historia hannes. For omtrent 20 år sidan, hadde han og sonen gått langs elvekanten, ikkje av nokon spesiell grunn, dei berre gjekk der, ein klår haustdag i september. Dei skulle prøve å kryssa elva ved å hoppa på steinane som stakk opp sidan elva ikkje var så stor på hausten. Ungen datt i elva og kom aldri opp igjen. Etter det gjekk det nedanom og under med faren og.
”Skal du ta meg i kveld? Så kom å ta meg då! Kom å ta meg! Eg er her! Eg ventar! Eg har god tid!” han sto og hylte medan han hoppa opp og ned i vatnet. Han verka alltid verre når det var folk i nærleiken. Det var dei som påstod han bare spelte, at alt saman berre var eit skodespel for å få oppmerksomheit. ”Han kjem i kveld! Ja, det skal eg seie deg, han kjem i kveld.” Stakkars galne gamle jævelen. Så lenge eg kan hugse har han ropt det.
”Hei! Du skal vel ha batteria dine i dag og kan eg tenkje meg?” Eg veit ikkje kvifor, men eg likar den gamle mannen. Det er eg som har gjeve han den gamle radioen han sit med der nede, og eit par gonger i veka gjev eg han nokre batteri. ”Ja, må følje med veit du. Ein må følje me i tida skal ein prate med skikkeleg folk. Du har vel ikkje tilfeldigvis sett sonen min vel? Han forsvann for meg her i dag tidlig.” Det var denne delen av samtalane som førte til at folk trudde han spela. Kvar gong han prata med nokon spurde han om det. ”Nei, eg har nok ikkje sett han i dag, du.” Det verka for utruleg for folk at det ikkje hadde trengt skikkeleg inn at sonen hannes var død.
”Du må passa deg for elva. Ho er farleg no og. Alle trur ho er ufarleg no på hausten. Ungane fer å spring på steinane, medan foreldra deira sit framfor denna skjermen. I bilen til og med har eg høyrt!” Han snudde seg ned og ropa til steinen. ”Galskap ikkje sant?” Eg svara han ikkje. ”Eg får kome meg vidare”, sa eg, og gjekk vidare. ”Pass deg for elva!” høyrte eg han rope etter meg. ”Pass deg for bjørnen”
Neste dag då eg gjekk forbi var han der ikkje lengre. Ingen visste kvar han hadde vorte utav, og litt seinare på dagen gjekk eg ned under brua for å sjå etter han. Eg fann ingenting der. Nokre dagar seinare gjekk eg ovre brua igjen, då gjekk eg forbi ein far og sonen hans. Faren sa til sonen at han måtte passa seg for elva, sidan ein mann hadde drukna der berre for nokre dagar sidan. Songen var endelig høyrbar for alle.
Siste kommentarer